Jens Kven?
Eg heiter Jens K Styve og er illustratør, teikneserieskapar og forfattar. Eg bur i Tromsø, mellom fjordar og fjell, saman med ein kjempesøt fuglehund som trur han er ein ulv.
Eg har laga teikneseriar i mange år, og er kanskje mest kjend for stripeserien Dunce, som har gått fast i ei rekke aviser og blitt samla i bokform. Serien har fått både prisar og lesarar, men det som betyr mest for meg, er at folk verkeleg har begynt å bry seg om karakterane – Gustav, Brego, JensK og det merkelege vesle universet dei lever i.
Dei siste åra har eg også illustrert fleire barnebøker og bokomslag – og eg elskar det. Å lage bilete for barn og unge er ei gåve, dei har ein skarp intuisjon for kva som tek dei på alvor og kva som er laga med glede. Vi må aldri overlate til maskiner å lage barnebøker. (Lov meg det.)
Stilen min er handteikna, analog og litt “skakk”. Eg trur på verdien av det menneskelege, i ei tid der mykje er glatt og digitalt. Det er noko med ei rusten pennesplittlinje eller ein snublande fargeblyant som kan gjere at ei teikning får ekte liv.
Når eg ikkje teiknar, går eg og ruslar på fjellet, klatrar eller går på ski. Alltid grublande på nye prosjekter – ingenting gjer meg meir gira enn når eg får skape noko.
—-
PS: I tillegg til å teikne så likar eg å skrive, eg har skrive romanane Friedland (Samlaget) og Eg, Ove Kvamme (Cappelen Damm). Dersom du kjem med eit spanande skriveprosjekt så kan det hende eg blir frista til å diskutere det!