Eg heiter Jens og eg elskar å teikne og skrive.

Hei!

Treng du illustratør?

Teikneseriar

Eg har laga daglege striper i snart 10 år. Serien Dunce har blitt ein fast følgjesvein for mange, og er samla i bokform både på norsk, fransk, spansk og engelsk. Eit lite univers av kaos, hundevisdom og kvardagsfilosofi.

Barnebøker

Eg illustrerer barnebøker for både dei minste og dei litt større – med karakterar som pustar, lever og samhandlar. Målet er å lage illustrasjonar som ikkje berre følgjer teksten, men som tilfører noko eige.

Bokomslag

Eit godt omslag skal fange merksemda og gjere lesaren nyfiken. Eg lagar omslag med ein handteikna, analog stil som står ut i bokhylla – og speglar tonen i historia mellom sidene.

Illustrasjonar

Eg lagar illustrasjonar for magasin, rapportar, nettsider og prosjekt som ønskjer noko meir sjelfullt enn stockfoto. Handlaga, med varme og presisjon – ofte med eit hint av karakter og forteljing.

HANDTverk

Eg meiner lesarar fortener illustrasjonar laga av menneske – ikkje maskiner. Sjølv om KI prøver, så kan det aldri erstatte det uerstattelege i den handteikna streken, sjølve sjela.

Dette er ikkje eit oppgjer med teknologien, men eit uttrykk for respekt for det menneskelege. Eg vil at arbeidet mitt skal treffe både auget og hjartet. Handteikna illustrasjon kjennest annleis – fordi det er det.

  • One of the most unique modern comic book artists right now (...) a tremendous talent.

    Comic Book Resources, cbs.com

  • So jealous of his cartooning style, Jens is a master

    Scott Kurtz (PVP, Table Titans)

  • Dunce is an alternative universe, where Calvin has grown up and moved to Norway.

    World Comic Book Review

  • Det gjev håp for heile bransjen at striper let seg fornye på denne måten.

    Trond Sätre, Serienett